|
Brevandring
Fakta om Folgefonna
Folgefonna er Noregs 3. største bre. Breen har eit samla areal på 213,62 km2.
Breområdet er tredelt med Nordre Folgefonna (25,41 km2), Midtre Folgefonna (8,93 km2)
og Søndre Folgefonna (179,28 km2) (Østrem et al. 1988). Folgefonna Sommarskisenter
ligg på Nordre Folgefonna.
Folgefonna er ein platåbre, det vil seia at den ligg
på eit høgfjellsplatå med utlauparar ned i dalane kring. Dei mest kjende utløparane
av Folgefonna er Bondhusbreen, Buerbreen og Blomsterskardsbreen.
Dei tre
platåbreane dekker høgfjellsområde mellom Sørfjorden, Åkrafjorden og Hardangerfjorden.
|

|
Høgaste punkt er 1662 m o.h. og lågaste er 400 m o.h. Istjukkelsen er så
langt som den er kjent i gjennomsnitt omlag 155 meter (Tvede 1997). Ved Bondhusbreen
er isen målt til å vera 160 meter. Ved Blåbreen er isen opp i 300 meter tjukk.
Truleg er isen opp til 500 meter tjukk på toppen av Nordre og Søndre Folgefonna.
Dette er ikkje målt men rekna ut frå topografien kring breen. Folgefonna si
kystnære plassering gjer at den vert kalla ein maritim bre. Det er dette
som er utgangspunktet for at Folgefonna vert kalla ein "glasiologisk avvikar".
Tinging av turer: http://www.folgefonni-breforarlag.no/best...
Sjå elles: http://www.folgefonni-breforarlag.no/index.htm
|
|
|